GRØNT SPATAK JUBILEUMSCAMP!

Har du lyst til å delta på Grønt Spatak sin første sommarleir? Fra 30.juli - 5.august kan du få lære om om landbruk, seterliv og økofilosofi på idylliske Krosstølane i Hemsedal. Påmeldingsfrist er 1.juli!

I år fyller Grønt Spatak 25 år, og vi feirar med å arrangere verdas første Grønt Spatak-leir. Dette skjer måndag 30. juli til sundag 5. august, på Krosstølane i Hemsedal.

Leiren er på ei seter i idylliske Hemsedal, nord i Hallingdalen. Her vil du få ei unik mogelegheit til å lære om berekraftig landbruk og seterdrift, både i praksis og teori. Deltakarane driv setra i lag – med alt fra dyrestell, mjølking av kyr, gjerding, hesjing, ljåslått, steiking av kvikaku og vi lærer om gamle handtverksteknikkar. I tillegg vil øko-filosof og tindevegledar Nils Faarlund vera med oss alle dagane på vandringar i fjellet.

Laurdag arrangerer vi i fellesskap ei fantastisk feiring av Grønt Spatak sitt 25-årsjubileum – nede i bygda Hemsedal, på garden Snertehaugen. Der blir det traktorsirkus, øko-filosofiske samtalar og kveldskonsert – og dette blir også avslutninga på Spatak-campen. Arrangementet er ope for både bygdefolk og tilreisande.

Grønt Spatak-leiren er for NU-medlemar over 16 år. Alle søkjarar skal skrive eit kort motivasjonsbrev – med personlege erfaringar og motivasjon for å delta på leiren. Det blir maks 20 deltakarar, så her er det berre å hive seg rundt!  

 

NB! Påmeldingsfrist 1. juli

Eigenandel: Kr 600. 

(Det er mulig å søke om å få dekka dette av NU sine fylkeslag).

Samling i finvær.

Kyra på Krosstølen.

Idyll på setra.