Om å vere vertskap for Grønt Spatak

I fjor sommer var Sondre Aasan vertskap for Grønt Spatak. I løpet av sommeren hadde han til sammen fire frivillige på staulen sin i Seljord. "Grønt Spatak bidreg til å gje ungdom eit innblikk i og praktisk erfaring med landbruk. Gode samtaler om landbrukspolitikk og landbrukets samfunnsoppdrag får ein òg tid til i løpet av dei ti dagane", skriv Sondre. Her kan du lese om Sondre si erfaring som vertskap for Grønt Spatak.

I år har vi på Kråkeroe-staulen i Seljord hatt totalt fire spatakistar frå Grønt Spatak fordelt på to omgangar. Vi har fått enormt mykje god hjelp til mjølking, gjerding, meieriproduksjon, kulturlandskapsskjøtsel og alt anna ein gjer på ein staule. Alle spatakistane har vore svært pålitelege, dei har vore interesserte  og arbeidssame. I tillegg har det vore å ei glede å bli kjent med dei som menneskje. Eg håpar og trur at dei har med seg mange gode minne og erfaringar frå opphaldet hjå oss.

Grønt spatak er ei viktig ordning for å skape positive band mellom landbruket og samfunnet. Etter kvart som det blir færre bønder, og folk blir meir framandgjorte for maten dei et, må vi taka vare på og utvikle dei positive kontaktflatene som finst mellom landbruk og samfunn. Dette er også viktig for å sikre at folk ser verdien av å oppretthalde eit vitalt norsk landbruk i framtida.

Erfaringane våre frå dette fyrste året med Grønt Spatak er udelt positive og vi kjem til å ta imot spatakistar neste år også. Vi vil oppmode fleire bønder til å melde seg som vertskap, og vi vil oppmode ungdom som vil lære meir om landbruket til å melde seg på Grønt Spatak neste år.

Grønt Spatak såg dagens lys i Vinje for 25 år sidan. I år var det litt i underkant av 100 spatakistar i aksjon landet over, me håpar det blir enda fleire til neste år.

 

Skreve av Sondre Aasan,

Vest-Telemark Bonde- og småbrukarlag

Sondre i samtale med deltakar Rebekka.