Vellykka Grønt Spatak på Olestølen
Fem ungdommar frå Natur og Ungdom var samla på Olestølen i Øystre Slidre for å ta eit såkalla Grønt Spatak.
– Me som vil ta vare på naturen snakkar mykje om det, men det er viktig å vite kva naturvern i praksis handlar om, seier nestleiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.
Han har saman med fire andre ungdommar vore med og rydde einer og krattskog frå gamle beite- og slåttemarker rundt Olestølen. Før i tida var det mange som dreiv støl, hadde husdyr på beite og slo graset. Då stølsdrifta tok ende, byrja landskapet å gro att. Gjennom praktisk arbeid fekk miljøvernarane lære om korleis ein kan hindre attgroing av kulturlandskapet og stanse tap av naturmangfaldet.
– Stølsdrift er viktig for å ta tilbake det opne landskapet. I Norge er rundt ein fjerdedel av dei utrydningstruga artane truga på grunn av at kulturlandskapet forsvinn og gror att. Me er nødt til å bruke beiteressursane våre til å produsere mat, både for å sikre solidarisk sjølvforsyning og for å ta vare på naturen vår, seier Gaute.
Ungdommane har fått kost og losji hos Thomas og Kathrin Aslaksby, som driv Olestølen med hestar og mjølkegeiter. Gaute fortel at dei er svært nøgd med opphaldet:
– Me har blitt svært godt tatt imot av Thomas og Kathrin, og dei har utruleg mykje å lære bort både om naturen her oppi fjellheimen, men også korleis me menneske kan skaffe oss mat og ressursar på ein berekraftig måte, avsluttar Gaute.
Les meir om Olestølen her og sjekk ut Facebook-sida til Grønt Spatak-prosjektet her for fleire oppdateringar.
Skrevet av Gaute Eiterjord